fredag 15. juli 2011

Å SYNGE I KOR.....SOM Å HOPPE I FALLSKJERM?

Kanskje ikkje, men å synge i kor ER ei unik og fantastisk oppleving. Det kitlar litt i magen, men du kjenner du er klar til å gå på scena. Du blir teken imot med ein brusande applaus, der du kjem inn med koret ditt. Endeleg kan du vise fram det du og koret ditt har øvd på. Endeleg!
Med ein gong du åpner munnen og syng di aller fyrste tone, ser du glødande lys i publikums auge. Dei tenkjer «For eit kor! Det er ikkje kvar dag eg høyrer og ser noko så fint.» Publikum er i ekstase, men den som opplever den største gleda er dei som står på scena. Deg! Koret ditt!

Kjedleg med korøving? Tenk alt du får igjen for jobbinga!

Når du syng i eit kor, er du ein del av ein noko heilt unikt. Korøvingane kan vere litt tunge av og til, men sånn er det med alt. Ingen blir gode av å få servert kaviar på silkepute, med andre ord : ein blir ikkje god uten å øve!. Øving gjer meister! Etter kvart som alt, sopran, ja, dei ulike stemmene byrjar å sitje, er det verkeleg kjekt! Når dirigenten din slår saman alle stemmene, høyrer du kor godt det klinger. Det klinger som bjelleklang på nissesleden. Denne fellesskapen koret ditt skaper gjennom å synge, denne gleda, denne opplevinga du får ? er verkeleg verdt å kjenne. Du står der på scena, overraska sjølv over kor vakkert det høyres ut, kor stilig det høyres ut. Tenk å vere ein del av noko slikt! Du føler at du og di vakre stemme har bidrege til eit skyhøgt produkt, til å gjere koret ditt til ei fullkomen overrasking for publikum, og det er heilt fantastisk!

Skal eit kor fungere godt må det vere ein god dirigent, ivrige songarar, gode lokale osb. ( og så bortover) For mange er det viktigaste likevel eit godt, sosialt miljø. Åh, så kjekt det kan bli på øving! Du gler deg til øving, fordi du har venner og andre du absolutt trivst å vere ilag med. De ler, kosar dykk- og dirigenten må hysje!!

Ja, det er kjekt å synge i kor. Det gir deg ein unik opplevelse, der du føler både meistring og glede. Du blir kjend med folk, blir vand med å stå på scene, lærer deg fint repertoar og mykje anna.

Så folkens: Få denne opplevinga du og og syng i kor :)
- Helga Farestveit, 18 år

Kva tykkjer du er kjekt med å synge i kor?