onsdag 12. februar 2014

Don’t stop belivin’ – ein musikal med god Glee

Fjell kulturskulekor presenterer
«Don’t Stop Believin’ – ein musikal med god Glee»
Skrive av Yvonne Algrøy
Songar frå TV serien «Glee»

Fjell kulturskulekor feirar 35 års jubileum og framfører musikalen i Fjell kulturhus 15. og 16. februar 2014  kl. 18

Måndag 17. februar blir det skuleframsyningar for alle på 6. trinn i Fjell kommune i samarbeid med Den Kulturelle Skulesekken kl. 10 og 12.

Dette er handlinga:
etter ein idé av manusgruppa i koret (jenter 11-16 år)

Ei sosialt keitete og humørfylt jente (Trine), frå ein liten stad i Norge som heiter Sotra, med trong økonomi i heimen, får stipend for å gå på ein fiktiv performing art-skule i New York. Ho flyr over og blir umiddelbart sugd inn av vener og musikk. Ho gjer det bra. Får ein fast venegjeng og ein romkamerat. Skulen har audition til ein påskemusikal det er om å gjere å bli stjerne i.

Dette er ein morosam og spennande historie med mykje god musikk! Koret brukar songversjonar frå TV-serien ”Glee”.

Dette kjem til å bli supert, alle i Fjell kulturskulekor gler seg til å få framføre det dei har øvd på i meir enn eit halvt år! Så det einaste som trengs no er mange som vil komma å sjå på. 
Billettar kostar 150 kr stk. Og blir solgt i døra, men hvis du vil forhåndsbestilla må du ringa: 975 16 920.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar